Klart for Prots-helg

Advarsel, åpne i et nytt vindu. PDFSkriv utE-post

Mann

Fredag kveld er 80 korsongarar frå Ryfylke klare for å bli inspirerte av dirigentlegenden Per Oddvar Hildre (Prots). Heile helga skal det øvast i Jørpeland kyrkje, og på sundag blir det konsert i kyrkja med tonar og rytmer frå fleire land.

– Eg gler meg til å kome tilbake til Jørpeland kyrkje. Etter oppussinga har det blitt ei fantastisk kyrkje å synge i, ei av dei beste eg har vore i, seier Per Oddvar Hildre.

Han kan fortelje at på repertoaret står det songar frå Sør-Amerika, USA, Aserbadsjan og Noreg.

– Det blir ei god blanding av balladar og meir rytmisk stoff, fortel den rutinerte kordirigenten.

Prots er for dei aller fleste kjent som dirigent for koret SKRUK, som han har dirigert i over 35 år.

Han var i kyrkja på Jørpeland med dette koret for nokre år sidan. Han har også hatt korseminar i Hjelmeland.

På 1970-talet var Prots si blanding av musikk frå bedehuset og kyrkja gjennom koret SKRUK litt for kontroversiell for kyrkja. Sidan har Prots og koret hans blitt populære både i Noreg og utlandet. I 2007 skreiv forfattar Stig Nilsson biografien «Prots-trollmann med kor» om Per Oddvar Hildre.

I tillegg til å vere fast dirigent for SKRUK reiser Prots land og strand rundt, både i Noreg og utlandet, og har seminar med koristar. I 2010 blei Hildre tildelt korprisen frå Norges Korforbund. Presidenten i korforbundet, Svend-Ola Hådi, sa i talen sin: «Årets vinner er en folkekjær korinstruktør med et stort internasjonalt engasjement. Han har vært initiativtaker til en rekke prosjekt der etniske, religiøse og geografiske grenser opphører og mennesker med ulik bakgrunn kan møtes gjennom musikk og sang».

Sist oppdatert (tirsdag 30. november 1999 00:00)
 
 
 
 
 

Norsk Plan